Stavanger / Suldal
Suldal Hyttebygg AS vart etablert i 2003 og har hovudkontor på Sand i Ryfylke. I tillegg til bygging av HEDDA- og HEDVIG-hytter i heile Sørvestlandet utfører me arbeid med ombygging, påbygg og renovering av både hytter og hus.
Vår visjon er at me skal vera med å utvikle næringslivet i Suldal og at me skal vera pådrivar for å skape arbeidsplasser i kjølvatnet av vår verksemd. Suldal Hyttebygg har forankra tre verdiar som går igjen i alle ledd i verksemda vår og det er at me skal ver opne, lojale og ærlege. Dette gjeld særleg i vår relasjon med kunder, men også internt mellom tilsette og i samarbeidet vårt med leverandørar. Som eit resultat av vårt arbeid med å leve opp til vår visjon og våre verdiar vart Suldal Hyttebygg kåra til Årets Suldalsbedrift i 2017 og dette er me svært stolte av. I grunngjevinga for kåringa vart vårt miljøansvar framheva. Fokuset vårt på miljø har auka dei siste åra og i 2020 vart me sertifisert som miljøfyrtårnbedrift.
Suldal Hyttebygg AS har pr. i dag 16 tilsette fordelt på fleire fagfelt bla. tømrar, produksjonsmedarbeidar, byggjeleiar, bygningsingeniør, sal og rekneskap. Behovet for dyktige tømrerar er stort i vår bransje og me ynskjer å lære bort og framheve godt handverk, difor har me til ei kvar tid ein eller fleire lærlingar i opplæring.
Telefon: 41 77 16 66
Email: suldal@hedda.no